Intervju

Moshagen, Downes og Wilkins

INTERVJU: Vinnarane av Jazzintro 2024, Sondre Moshagen Lightning Trio, er no ferdig med turneen og mentorprogrammet som var ein del av vinnarpakken. Vi tok ein prat med Moshagen når alt er landa.

Av Torkjell Hovland

Ja, kva sit du igjen med no som alt det der er ferdig?
– Trist å seie det slik, då, haha…
– Nei, men det har jo vore som å sveve på ei rosa sky. Å verkeleg få satse alt på draumen. Og så har eg skrive masse ny musikk, så vi er virkelig på ein heilt annan plass i dag enn for eit år sidan.

Mentorprogrammet som følgjer tittelen Årets unge jazzmusikere blir sette i samarbeid med musikarane sjølv. Moshagen Trio valde for eksempel å få med den britiske pianisten Kit Downes med som produsent på debutplata Lightning som kom ut 15. august.
– Dei to dagane med han i studio i Trondheim i januar vart heilt spesielle. Mange av låtane på plata er jo tre år gamle. Men Kit kom med ei innstilling om at låtane kan bli heilt annleis i studio enn live.

Kit var i tillegg med i heile prosessen gjennom to-tre månader med jamnleg kontakt. Så dei vart godt kjent.
– Så vi fekk jobba ein del med å gjere låtane så fleksible at dei kan formast i nuet. Noko som vi igjen tek med live – at dei får ei ramme for at ting kan skje spontant.


Trioen i studio med Kit Downes. Foto: privat

Ein av grunnane til at dei ville jobbe med Downes var trioen hans Enemy, der dei blant anna bearbeider ein del i postproduksjon, noko Lightning Trio tok med seg inn.

I tillegg til Downes var det saksofonisten Immanuel Wilkins som stod på ynskjelista. Det var drømmen å få jobbe med akkurat dei to: – Og så fekk vi jo også avmystifisert litt rundt desse idola våre. Vi vart godt kjente gjennom samarbeidet. Dei var superinteresserte og tok oss på alvor – og dei blei med inn i vår verd. I musikken så er alle likeverdige, og alle har det same ansvaret.

– Vi var veldig tydeleg på at vi ville spele med nokon, og få erfaring gjennom å faktisk vere i same musikalske situasjon og kjenne på kroppen kva musikalske valg den personen gjer, då.

Under Oslo jazzfestival spelte dei konsert med Wilkins for eit fullsett Victoria.


Med Immanuel Wilkins under Oslo Jazzfestival. Foto: Ying Chen/ Oslo Jazzfestival

Kva var den viktigaste erfaringa de fekk med frå samspelet med han då?
– Det største var å verkeleg spele ut, og la låtane utfolde seg. Eg trur vi var prega av det typiske studiosyndromet – vi hørte låtane kortare enn det dei treng å vere. Men så kom Immanuel og spelte sju minuttar lange soloar! Han gir musikken tid og rom til å utfolde seg. Han jobba mykje med energien, og snakka om å ha eit kontrollert forhold til intensitet, tension/release.

– Vi hadde aldri spelt fulle versjonar av låtane før vi var på scenen, så vi måtte verkeleg vere på hugget. Ekstranummeret tok vi med han på lydprøven —nokre musikarar har ei evne til å lage musikk uansett.

Konserten var klokka tre, og etter ein god middag saman, sat trioen med Wilkins på Becco til klokka eitt om natta – sjølv om han skulle ta eit fly klokka fem morgonen etter. Vi rakk å gå djupt inn i spelet til kvar enkelt av oss.

Så han hadde verkeleg lytta, då?
– Ja, det var konkrete tilbakemeldingar. Hans syn på å vere mentor var berre at han ville tilføre kunnskap til det vi hadde frå før. Han var ikkje der for å gi oss den og den øvelsen, men heller tipse oss om ting vi kunne sjekke ut og jobbe vidare med.

Du er jo ferdig på jazzlinja no – kva er det eit sånt opplegg som Jazzintro kan tilføre utover det den utdanninga tilbyr?
– Jazzlinja er jo fantastisk, og den ideologien der er eg glad i – som mellom anna går på å imitere og bygge eit musikalsk ordforråd. Jazzintro har gitt oss uvurdelig konserterfaring gjennom festivalturnéen, og moglegheita til fleire store musikermøtar gjennom mentorordninga – det å få samarbeide og spele med nokre av våre heltar.


Sondre Moshagen under Jazzintro-finalen i 2024. Foto: Thor Egil Leirtrø/Moldejazz

Men året har vore intenst når han ser tilbake på Jazzintro og parallelt avslutte jazzlinja.
– Samtidig er det jo slik at jo meir du lærer, så oppdagar du så mykje meir det er å lære.

Så no er det tid for å prosessere året:  – Og så gler eg meg til å dykke ned i mykje anna musikk. Blant anna impresjonistisk klassisk musikk, som jeg har kick på om dagen!¨

Det kjem meir musikk frå Moshagen som vi skal få høyre også. I august var han i studio med bandet Audio Guide, som starta med eit tingingsverk til Dølajazz.
– Det er eit prosjekt der eg tek inn veldig mange forskjellige inspirasjonar, nettopp mykje forskjellige musikkuttrykk. Det er jo programmusikk eigentleg, nesten ei dokumentarisk tilnærming til musikken.

Samtidig opplever Moshagen ein kreativ boost etter ei intens periode: – Det går veldig innpå meg, slike store begivenheiter. Eg blir skikkelig nervøs, og i tillegg er det noko med å stå med det ansvaret – fullsatt Victoria, liksom. Så det tek på. Men etter ei intens periode med høge skuldrar, i vakuumet av det, så er det ofte musikken berre flyt ut av meg.

– Då kan eg få ein euforisk følelse av å spele på jam etterpå for eksempel!

Fra forsiden

Nyheter

Søk Jazzintro 2026

Det er klart for en ny runde med lanseringsprogrammet Jazzintro. Søknadsfrist for deltakelse er mandag 10. november.

Nyheter

Søk musiker- og bandstipend for 2026

Norsk jazzforum skal fordele 1 million kroner i musiker- og bandstipend for 2026. Musikermedlemmer av Norsk jazzforum inviteres til å søke om personlig fordypnings-/studiestipend eller øvings-/studiestipend for band. Søknadsfrist er 1. november 2025.

Meld deg på vårt nyhetsbrev