Minneord

Formannen har teke farvel

Roald Helgheim gjekk bort måndag 16. august, og jazznoreg er i sorg. Miljøet vårt har mista ein av dei fremste journalistane, krititakarane og kunnskapskjeldene om jazz. Mange har også mista ein god ven, skriv Lars Mossefinn i dette minneordet.

Roald blei fødd 23. august 1942 i Årdal i Jølster. Han var nest eldst i ein guteflokk på fire. Tidleg måtte Roald freista hybeltilværet. Han gjekk både realskule og gymnas på Sandane. Minstebroren Halvar minnest at Roald kom heim til jol og fortalt entusiastisk om Ella Fitzgerald og Frank Sinatra som han hadde oppdaga på jukeboksen på Sandane rutebilstasjon. Jazzspira hadde funne grobotn.

Så bar det til Oslo og studiar i fysikk og matematikk. Etter at han hadde prøvd seg som lærar eit halvår, hoppa han av. Læraryrket var ikkje noko for han. Han blei engasjert i studentpolitikken og blei med i AKP ml. Avisprosjektet Klassekampen tok det meste av tida hans, og frå 1974 vart han redaksjonssekretær. Fleire tidlegare medarbeidarar i avisa hevdar at han i periodar i røynda var redaktør. Han var den stabile og hadde kunnskap om alle sider ved det å laga avis. I 1997 toppa ein konflikt i avisa seg med at det AKP-dominerte styret gav redaktør Paul Bjerke sparken og storparten av den faste staben slutta i avisa. Det gjorde også Roald – utan å ha ein jobb å gå til. Han byrja å skriva om jazz i Dagsavisen, og i Dag og tid skreiv han om mangt, politikk, jazz, film og små fabulerande petitar.

Interessa for jazz hadde han med seg i bagasjen då han kom til Oslo, men kva konserttilbodet i hovudstad fekk å seia for han, skriv han levande om i Dagsavisen 19. oktober 2013 i høve 50-årsjubileet for konserten til Coltrane-kvartetten 23. oktober 1963. Under overskrifta «Konserten som endra alt» står det: Som eit gudsord frå landet hadde eg kome til hovudstaden for å studere, men også med eit sug i meg etter å høyre levande jazz. Eg gjekk på alle konsertar som var, og eitt av mine tidlege minne er med Bud Powell på jazzklubben Metropol, i september 1962. Men etter Coltrane-konserten i Njårdhallen skulle ingenting bli som før.

Eit av dei første store portrettintervjua av kjende jazzmusikarar hadde Roald på trykk i Klassekampen i 1980. Den legendariske trommeslagaren Kenny Clarke blei presentert under tittelen «Jazz er en måte å leve på». Sidan har det blitt tusenvis av intervju, plate- og konsertmeldingar, festivalreportasjar m.m. Favoritten min er petit-serien «Jul i Jølster» som kom Klassekampen rundt juletider i ei årrekkje.

Roald hadde ein særmerkt stil. Kombinasjonen jølstring og kosmopolitt gav spanande perspektiv. Han var ein språkleg meister. Skildringa av musikken vart gjort kort og presist. Kjenslene musikken vekte i han, formidla han også svært knapt, men hadde lytteopplevinga vore «eit sant svir», forstod ein at her hadde Roald hatt rett så triveleg. Verkeleg grundig kunne han vera i å setja ein musikar, eit ensemble eller ei plate inn i ein jazzhistorisk samanheng. Roald trigga interessa hjå oss ved setja det han skreiv om inn i ein spanande samanheng.

Det er ikkje alle forunnt å bli legende i levande livet, men det er fint å tenkja på at han blei høgt verdsett kor han enn ferdast. I 1987 fekk han Molderosa og tre år seinare både Oslo jazzhus’ ærespris og Vinjeprisen (tildelt «bladfolk og andre mediearbeidarar som nyttar norsk mål og som i si verksemd stør arbeidet med å halde oppe det særmerkte norske kulturlivet»). I 2003 fekk han Ella-prisen delt ut av Oslo Jazzfestival. Grunngjevinga seier noko grunnleggjande om det journalistiske virket til Roald: «(prisen) går til en person som har meninger om jazz. Ikke fordi vedkommende har disse meningene, men fordi de springer ut av en felles integritet, er saklige, og vel begrunnete. Den går til en person som skriver om jazz. Ikke fordi han skriver, men måten vedkommende skriver på. Slik at vi føler at vi er der, deler hans opplevelse og føler at vi kan stole på ham.»

Eg lærte Roald å kjenna då han etterkvart dukka opp på Vossa Jazz. Han blei fast gjest på festivalen like til det siste. Han var også trugen gjest på Moldejazz, Maijazz, Dølajazz og jazzfestivalen i Kongsberg. Samtalane i seine kvelds- og nattetimar på desse festivalane var mange – om ikkje alltid så lange, men interessante var dei alltid. Han hadde ein herleg sans for humor bak den gravalvorlege maska, og glimtet i auga var aldri langt unna. Smalltalk var ikkje Roalds greie. Mang ein gong ringde han, og samtalane var variasjonar av følgjande: «Mossefinn? Helgheim her. Kva år var det NN spelte på Vossa Jazz? Når eg hadde svart, avslutta han med «Okey, takk!» Eg saknar desse samtalane …

Takk for alt, Roald!

Lars Mossefinn

 

Fra forsiden

Minneord

Nordiske jazzkometer på turné

Fem nordiske band drar på turné i regi av Nordic Jazz Comets denne høsten. Kjetil Mulelid Trio turnerer Sverige, Danmark og Finland fra 21. september, og finske Kadi Vija Key Project og svenske Post-sun-vision besøker Oslo, Bergen og Trondheim fra 8. september. Erfaringene skal benyttes i en guidebok for grønn turnering i Norden.

Minneord

Minneord om Roald Helgheim

Minneord skrevet til minnestunden for Roald Helgheim 27. august 2021 av daglig leder i Norsk jazzforum, Gry Bråtømyr.

Meld deg på vårt nyhetsbrev