Nyheter

Kulturkonferanse på Vossa Jazz

Sentrale kulturpolitikarar og -aktørar møtast til debatt på Voss når Vossa Jazz i samarbeid med Norsk jazzforum, Norske Konsertarrangører og Creo inviterer til kulturkonferansen «Klok av skade? – Korleis rusta kulturlivet for framtida?» fredag 8. april.

Det som skulle bli det frie feltet sitt tiår har vorte prega av den eine krisa etter den andre. Me går rett frå langvarig pandemi til krig i Europa, energikrise og stadig aukande klimatrugslar heng over verda. Korleis kan kulturlivet bidra i denne situasjonen, og kva verkemiddel har me å trekkje vekslar på? Vert pengebruk til kultur prioritert framover, og korleis er fordelinga av dei eksisterande midlane?

Norske kulturpolitikarar møter representantar for kulturbransjen til dialog og debatt rundt desse vanskelege spørsmåla under kulturkonferansen «Klok av skade? – Korleis rusta kulturlivet for framtida?» på Vossa Jazz fredag 8. april. I tillegg bidreg Solveig Slettahjell og Frode Grytten med sine skråblikk på det heile, og Tingingsverk-komponist Andreas Ulvo presenterer ein smakebit frå årets Tingingsverk.

Program:
• Marte Bjerke om stoda i musikklivet
• Klok av skade? Samtale med Tone Østerdal(NKA), Gry Bråtømyr (Njf) og Hans Ole Rian (Creo)
• Debatt med Åslaug Sem-Jacobsen (Sp), Torstein Tvedt Solberg (Ap), Tage Pettersen (H) og Silje Heimdal (FrP)
• Kunstnarisk skråblikk frå Solveig Slettahjell, tankesmia KRAFT
• Smakebit frå årets Tingingsverk signert Andreas Ulvo
• Oppsummerande skråblikk frå Frode Grytten
Håkon Haugsbø vil leia oss gjennom dagen.

Sjå fullstendig program og kjøp billettar her.  Medlemmar av Norsk jazzforum får rabatt, kontakt oss for rabattkode.

Fra forsiden

Nyheter

Ny medlemsavtale på festivalartikler

Norsk jazzforum har inngått avtale med Artisti Profil som gir våre medlemmer, både festivaler og andre medlemsgrupper, rabatter på t-skjorter og festivalartikler.

Nyheter

Norsk på Jazzahead

Liv Andrea Hauge Trio, Hilde Louise Asbjørnsen Quartet, Oddgeir Berg trio og Trondheim Jazzorkester med Marianna Sangita Røe spiller på bransjemessa Jazzahead i Tyskland neste uke. Norsk jazzforum og Music Norway er som vanlig på plass med norsk stand.

Meld deg på vårt nyhetsbrev