Nyheter

Tre uttalelser fra landsmøtet

Landsmøtet i Norsk jazzforum 18. april 2021 samlet seg enstemmig om tre uttalelser: en stortingsmelding for musikk, ny norsk musikk i alle kanaler på NRK og bedre ordninger for frilansmusikerne som nå er rammet av pandemien.

KULTUR PÅ DUGNAD?
Norsk jazz er i verdstoppen innan sin profesjon. Bak dette resultatet ligg tallause timar med øving, høgare utdanning og auka profesjonalisering. Då verda stengte ned førte det til full stans på store og små scenar, og norske jazzmusikarar mista alle jobbar i inn- og utland. Skilnaden mellom kunstnarar som er tilsett i institusjonar og frilansarar kom grelt til syne då pandemien råka landet. Skapande og utøvande musikarar i det frie feltet mista meir eller mindre alle inntektsmoglegheiter over natta, og dei har ikkje det sikkerheitsnettet som musikarar tilsett i institusjonar har. Kompensasjonsordningane kom raskt på plass, men vart justerte ned for tidleg. Ordninga for frilansarar må attende til 80%, opp til 6G, gjeldande frå 01.01.21. Norske jazzmusikarar er klare for å entra scener i inn- og utland, men dei kan ikkje leva på dugnad.

NY PLAN FOR MUSIKK!
Eit samla norsk jazzliv ber regjeringa utarbeida ei stortingsmelding om musikk. Meldinga bør skildra statens og regionane sitt ansvar og oppgåver for vidareutvikling av det profesjonelle musikklivet. Fokus må vera på mangfald og nyskaping i produksjon og formidling over heile landet. Ei stortingsmelding om musikk bør venda lyskastaren mot tiltak som kan bidra til å styrka utøvarar, skaparar og arrangørar i det frie feltet.

NY NORSK MUSIKK PÅ PLAKATEN!
Norsk jazzliv ser positivt på den siste tidas debatt om NRK sin posisjon og rolle som kulturformidlar. Norsk kunst- og kulturliv er mangfaldig, vitalt og nyskapande. NRK-plakaten pliktar til både å visa fram og kritisera, men også å stimulera til ny produksjon i musikklivet. Norsk jazzmiljø har hatt eit langt og godt samarbeid med NRK, og me ynskjer også vidare å bidra til at allmennkringkastaren kan formidle norsk jazz i alle kanalar.

Fra forsiden

Nyheter

Storbandprisen til Pål Vinland

Musiker, organisator og styreleder i Ski Storband, Pål Vinland, er hedret med Storbandprisen 2026. Vinland er brennende entusiastisk for miljøet og musikken som helhet, og har bidratt både til kunstnerisk utvikling, unike publikumsopplevelser og ikke minst til å rekruttere fremtidige musikanter, uttaler Norsk jazzforum i sin begrunnelse for tildelingen.

Nyheter

Debatten om kulturbudsjettet

Fraværet av nye satsinger på musikkfeltet var et sentralt tema da kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery samt medlemmer fra Stortingets familie- og kulturkomité deltok på Kulturdebatten.

Meld deg på vårt nyhetsbrev