Innlegg

Støtte til Kongsberg Jazzfestival

INNLEGG: – Oppbygginga i landet er tufta på demokratiske prinsipp, dette gjeld òg for kulturlivet. Ein har eit tett samarbeid med både løyvande myndigheiter og andre samarbeidspartnarar, men sjølvråderetten til den enkelte kulturaktør må aldri vika, skriv fleire av landets jazzfestivalar og Norsk jazzforum i dette innlegget i støtte til Kongsberg Jazzfestival.

Denne veka har det vore mange saker i lokalpressa på Kongsberg om jazzfestivalen og dens samarbeid med ei av byens store verksemder. Etter mange års sponsorsamarbeid vedtok styret i Kongsberg Jazzfestival å ikkje reforhandla avtalen slik den låg føre. Dette har skapt store avisoverskrifter og ført til eit ras av krasse uttalar frå mellom anna byens ordførar.

Dette er ikkje ei lokal sak. Det handlar om prinsippet mellom sjølvstendige kulturaktørar, løyvande myndigheiter og samarbeidspartnarar.

Ei armlengdes avstand er kulturpolitikkens grunnlov og den har vore ei rettesnor for samhandlinga mellom den frie kunsten, kulturmiljøet og løyvande myndigheiter. Dette har vore eit prinsipp som også har råda i kulturlivet sitt samarbeid med næringslivet. Det er den enkelte kulturinstitusjon sitt føremål og verdiar som skal styra innhald og form.  Det er den enkelte kulturaktør som skal styra si verksemd, ikkje ev.  marknadskrefter som til eikvar tid er inne i eit samarbeid.

Det kan vera tøft å stå opp mot kapitalsterke aktørar og politikarar som sit med råderett over økonomiske og strukturelle føresetnader for drift og gjennomføring av festivalen. Om ein kommune til dømes truar med å kutta økonomisk stønad med grunngjeving i at kommunen er ueinige i eit vedtak gjort i festivalen sitt styre; kva bruk av makt og verkemiddel vil det vera?

Oppbygginga av landet er tufta på demokratiske prinsipp, dette gjeld òg for kulturlivet.  Ein har eit tett samarbeid med både løyvande myndigheiter og andre samarbeidspartnarar, men sjølvråderetten til den enkelte kulturaktør må aldri vika.

Kongsberg Jazzfestival er ein av landets største og eldste kulturaktørar,  og me er mange som har eit sterkt og godt forhold til festivalen.  Me vil med dette syna vår fulle støtte til Kongsberg Jazzfestival, og me håpar at denne saka for ettertida ikkje vil gje oss nye assosiasjonar til den berømte Kongsberg-knekken.

Trude Storheim, festivalsjef, Vossa Jazz
Ingrid Brattset, styreleiar, Norsk jazzforum
Gry Bråtømyr, dagleg leiar, Norsk jazzforum
Ernst Wiggo Sandbakk, festivalsjef Jazzfest
Jon Skjerdal, festivalsjef, Nattjazz
Øyvind Larsen, festivalsjef, Oslo Jazzfestival
Andreas Risanger Meland, festivalsjef Sildajazz
Per Hasse Andersen, festivalsjef, Maijazz
Eirik Kristensen, festivalsjef, Mandaljazz
André Kvernhaug, festivalsjef, Varangerfestivalen
Elisabeth Kulseng, festivalsjef, Smeltedigelen
Andreas Hoem Røysum, festivalsjef Motvind
Roger Johansen, kunstnerisk leder, Bodø Jazz Open
Cecilie Nogva, konstituert festivalsjef, Moldejazz
Kari Grete Jacobsen, daglig leder, Østnorsk jazzsenter
Ulla Stina Wiland, daglig leder, Nordnorsk jazzsenter
Nina Torske, daglig leder, Vestnorsk jazzsenter
Jørn Størkson, daglig leder, Sørnorsk jazzsenter
Bjørn Willadsen,  daglig leder, Midtnorsk jazzsenter
Henriette Eilertsen, Jonas Cambien, Magnus Nergaard, Paal Nilssen-Love, Ståle Liavik Solberg – Blow Out!
Ellen Brekken, leder, Tynset Jazzfestival/Tynset Jazzklubb
Anja Katrine Tomter, festivalsjef,  Anjazz
Hege Riise, styreleder, Dølajazz
Christian Meaas Svendsen, All Ears
Sverre S. Sæbø, festivalsjef, Soddjazz

Fra forsiden

Nyheter

Buddy-prisen til Maria Kannegaard

Pianist og komponist Maria Kannegaard ble torsdag kveld tildelt norsk jazz’ høyeste utmerkelse, Buddy-prisen for 2024. En formidabel og særegen pianist som har beveget og berørt et stort publikum med sin musikk, sier Norsk jazzforum i sin begrunnelse for prisen.

Nyheter

Hans Mathisen hedret med Storbandprisen 2024

Musikalsk leder for Sandefjord Storband, Hans Mathisen, ble lørdag 19. oktober hedret med Norsk jazzforums Storbandpris 2024. Mathisen er og har vært inspirator og pådriver for sitt storband i en årrekke, og får mye av æren for bandets fremgang og utvikling, sier Norsk jazzforum i begrunnelsen for prisen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev