Intervju

I Like To Sleep gir stafettpinnen vidare

I løpet av det siste året har Årets unge jazzmusikarar 2018, I Like to Sleep, vore på turné, fått mentorrettleiing og spelt inn plate. Fristen for å søke Jazzintro 2020 er rett rundt rundt hjørnet – 1. november.

Når vi får tak i powerjazztrioen, tek dei ei pause førebuinga til si andre plateinnspeling. I skrivande stund les eg at plata no er ferdig innspelt i Duper Studio i Bergen.

Som Jazzintro-vinnarar i 2018 fekk I Like to Sleep ein Norgesturné som ein del av ein større lanseringspakke i tillegg til tittelen Årets unge jazzmusikere 2018. På Norges-turneen heldt dei 12 konsertar frå Mandal i sør til Vadsø i nord – det gir viktige erfaringar: – Du får ei virkeligheitsorientering som er veldig bra å ha. Det å levere konsert på ein ny plass kvar dag, uansett kor mange som kjem, uansett kva utstyr der er, fortel trommeslagar Øyvind Leite.
– Amund har jo spelt på alle slags vibrafonar rundt omkring, seier Nicolas Leirtrø, gitarist.

Saka held fram under bildet.

Trioen hadde saksofonist Mette Rasmussen som spesiell gjest på konserten i Dokkhuset. Foto: Thor Egil Leirtrø

Då dei gjekk til topps i finalen i Jazzintro på Moldejazz 2018, hadde endå ingen av dei byrja på jazzlinja i Trondheim. No går Nicolas og vibrafonist Amund Storløkken Åse andre åre, medan Øyvind går første.
– Vi sat på toget opp til Hemnes på turne når Øyvind fekk vite at han kom inn, fortel Amund. – Det vart ein skikkelig artig konsert den kvelden når han fekk vite at han kom inn. Det er sånn banddynamikk som er fint å kjenne på.

Nokre andre høgdepunkt?
– Generelt var konsertane i Nord-Noreg artig, seier Nicolas. – Det var liksom eit meir rocka publikum der som ville ha litt trøkk.
– Samtidig var det litt artig i Mandal også, seier Amund. – Der kom det berre to stk. To eldre damer, som på ein måte er det motsette av det publikummet vi har elles. Det vart nesten som eit seminar der dei stilte spørsmål undervegs, hehe.

Men i Bodø heldt trioen ein planlagt workshop: – Det var ei veldig fin oppleving. Vi lærte om vår eigen musikk på ein annan måte i den settingen også.
– Det var til og med ein som reiste frå Kristiansund til Bodø. Eg var ikkje klar over at det fanst folk som var så dedikert til det vi driv på med som det – det er kult å oppdage!

Saka held fram under bildet.

I Like to Sleep i Duper Studio i Bergen for si andre plateinnspeling. Foto: Ane Marthe Tømmerås

Begeistra mentor
I tillegg til ein turné samt eit stipend på 150 000 frå Gramo, fekk også Årets unge jazzmusikere et skreddersydd mentorprogram med støtte fra Talent Norge. Stiftelsen hjelper unge talent på vegen mot ei profesjonell karriere og bidreg med midlar til langsiktige talentsatsingar, og Talent Norge var i 2018 for første gong ein del av Jazzintros lanseringspakke. Ut i frå kven I Like To Sleep ynskte seg å ha som mentorar, laga Norsk jazzforum eit opplegg gjennom heile året. Dette har gitt Jazzintro ein ny dimensjon.

Eit av dei første namna trioen kom opp med var Mats Gustafsson. Då dei endeleg møttest, skulle det vise seg at han vart like begeistra for dei som dei var for han: –  Han blei veldig gira, og har lyst å hjelpe oss vidare sjølv etter mentorprogrammet er over. Eg har aldri sett så mange utropsteikn som i e-posten han sendte oss etter han hadde hørt plata, fortel Nicolas.
I tillegg har dei mellom anna hatt mentormøter med Anja Lauvdal, Kjetil Møster, Jan Bang og Jan Ole Otnæs.

Er det mest musikalske innspel eller handlar det mest om bransjetips?
– Det har vore mykje forskjellig, men mest ikkje-musikalsk eigentleg, fortel Amund. – Kjetil Møster var vel den einaste vi spelte saman med, men elles har vi fått mykje tips om korleis vi bør gå fram når vi skal gi ut plate, nå ut til forskjellig type publikum og sånt. Ein raud tråd har kanskje vore korleis ein skal gjere seg synleg i utlandet, noko vi har lyst å jobbe med.

Saka held fram under bildet.
På øving i Trondheim.

Framtida
– No førebur vi oss på livet etter jazzintro – vi har jo fått alt skreddarsydd og tilrettelagt. No står vi ikkje lenger står på Norsk jazzforums sine stødige bein, men må organisere alt sjølv.

Men med ein god del meir kunnskap i bagasjen enn før de kom inn då?
– Ja, når vi no skal spele inn plate har vi vore mykje flinkare å planlegge enn sist gong. Vi tok det som det kom, og var veldig heldige. Men no kjennest det som vi har meir kontroll på det sjølve, at det ikkje ligg i andre sine hender like mykje, fortel Amund. – Vi har heile tida vore aktive i å utvikle vår eigen sound. Uavhengig av Jazzintro har det utvikla seg vidare.

Dei anbefaler alle som trur det høyrest interessant ut å søke: – Vi hadde ingen forventningar i det heile tatt. Men vi tenkte at det ikkje skadar å sende inn ein søknad. Plutselig har du noko bra på gong utan at du veit om det sjølv.

Sjølv om det er ei konkurranse-situasjon, hugsar dei tilbake på Jazzintrorundene som kjekt sosialt mellom banda. Likevel kom det eit lite alvorspreg under finalen på Moldejazz: – Eg hugsar spesielt den gåturen gjennom Molde sentrum på vegen til kunngjeringa av vinnaren. Det starta med veldig god stemning, og så vart det meir og meir spenning i lufta då vi nærma oss. Alle skjønte at det kom til å skje noko som kjem til å bety mykje for nokon av oss.

Fra forsiden

Nyheter

Norsk på Jazzahead

Liv Andrea Hauge Trio, Hilde Louise Asbjørnsen Quartet, Oddgeir Berg trio og Trondheim Jazzorkester med Marianna Sangita Røe spiller på bransjemessa Jazzahead i Tyskland neste uke. Norsk jazzforum og Music Norway er som vanlig på plass med norsk stand.

Nyheter

Bliss Quintet sikret siste finaleplass

Det ble Bliss Quintet som torsdag kveld på Nasjonal jazzscene sikret seg den fjerde og siste finaleplassen i årets Jazzintro. Under Moldejazz i juli skal bandet spille om tittelen Årets unge jazzmusikere 2024 samt en lanseringspakke fra Norsk jazzforum med festivalturné og mentorprogram.

Meld deg på vårt nyhetsbrev